– Intimitet man ikke må dele med andre

Arild Våge Berge er billedkunstner, forlegger og gjestelærer ved Oslo Fotokunstskole. Han har tro på kunstboken som et alternativ til gallerirommet. Nå stiller han ut på Bergen Art Book Fair:

IMG_3829

Åsne Eldøy og Arild Våge Berge driver Topos Bokforlag som i disse dager stiller ut på Bergen Kunsthall.

Denne helga åpner Bergen Art Book Fair på Bergen Kunsthall. Topos Bokforlag, som du driver med sammen med Åsne Eldøy, deltar for andre gang. Hvordan startet dere opp og hva skal dere vise i år?
Topos Bokforlag vart etablert hausten 2017, etter me var ferdig med masterstudiene. Hensikta med forlaget er å kunne tilby ein publiseringsplattform for kunstnerbøker med kunstnarar i etableringsfasen. Både eg og Åsne har utdanning innan fotografi og hittil har bøkene våre bore preg av dette. Topos er gamalt gresk for «stad», så i tillegg til fotointeressa så fungerer stadsbegrepet som eit slags tematisk bindevev for publikasjonane me gir ut.

Den siste boka me har gitt ut er Europa av Bjørn-Henrik Lybeck. Dette ei klassisk fotobok med ei fornya tru på at fotografiet kan stå på egne bein. Det har vore eit tett samarbeid mellom forlaget, kunstnaren og designer Mads Andersen. Resultatet er ei bok med høg fotografisk kvalitet og gjennomarbeida design som befinn seg i eit assosiativt tematisk landskap. Me vil fokusere på denne boka, men dei tre andre utgivelsane me har bak oss vil óg vere utstilte på standen vår.

europa_bjc3b8rn-henrik_lybeck_2019_14

Europa av Bjørn Henrik Lybeck er forlagets seneste utgivelse.

Det dukker stadig opp nye norske kunstbokforlag, og flere og flere kunstnere tar i bruk boken for å realisere sine prosjekter. Hva fikk deg til å jobbe med bøker og hva tror du er grunnen til den økende populariteten blant kunstnere?
For meg gir bokformatet ei moglegheit til å jobbe med ein taktil presentasjonsform som publikum faktisk skal halde i henda. Det gir ei oppleving av intimitet at ein ikkje må dele opplevinga av boka med andre som kunst utstilt i galleri, men kan fordjupe seg i materialet i eige tampo. Bøker har óg ein naturleg serialitet, der ein kan eksperimentere med rytmikk og sekvensar, visuell dynamikk og med tekstlige eller grafiske element.

Eg gjorde eit større prosjekt der eg fotograferte og skreiv mykje, men endte opp med å stille ut skulpturar. Då var det naturleg for meg å prøve å samle prosessmaterialet i eit format som kunne la seg presentere som ei forteljing. Eg har vore tiltrukke av ideen om kunstnarboka som arkiv og endte derfor opp med å samle mitt arkiv i boka The Gravity of a Lake Focused Into One Point – Process and Archive. Denne boka var óg ein av grunnane til at eg fekk ideen om å starte eit forlag, der boka kunne gis ut.

Ein kan kanskje seie at kunstnerbøker er eit trendfenomen, men samtidig skal ein ikkje underkjenne at dette formatet óg kan vere ein del av ein større tendens der ein trekkast mot fysiske produkt som ei motsetting til det digitale, som er den større trenden i vår tid. Eg trur óg mange kunstnarar er tiltrukke av ideen om kunstnerboka som eit fritt rom, utan tyngre redaksjonelle retningslinjer.

Arild Våge Berge_Inherent Direction 2016

Arild Våge Berge trekker fram intimiteten mellom kunstverket og betrakteren som bokens største fordel.

Du er også lærer på Oslo Fotokunstskole. Ser du en økt interesse for bøker blant studentene?
Etter mi erfaring med masterprogrammet på Kunstakademiet i Bergen er det mange studentar som vel bøker som presentasjonsformat. Eg trur kunststudentar kan ha nytte av å utforske den fysiske kunstnerboka for å formulere sine idear og si utforske si stemme. Då er det jo óg ein god ting at OFKS kan tilby fotobok-kurs til sine studentar og no som risografen er i hus så er det ein kjemperessurs for å leike seg med visuelle utrykk innen både fanziner, fotobøker og så videre. Til sist her vil eg gjerne óg legge til at alle Topos sine utgivelsar er å finne i OFKS sitt bibliotek.

IMG_3831

Topos Bokforlag sitt bord på Bergen Art Book Fair.

I tillegg til drive forlaget, jobber du også med fotografi, tekst og skulpturer. Hvilke prosjekter har du på gang framover?
Eg jobbar nett no med å ferdigstille verk til utstillingar på Akershus Kunstenter og ved Volda og Ørsta Kunstforeining. Vidare har eg vore så heldig å fått midlar frå Kulturrådet si prøveordning for Klima og Miljø til eit lengre prosjekt der eg tek skrittet frå å jobbe med vasskraftindustrien over i petroleumsindustrien. Eg håper dessuten å få i hamn eit utsmykkingsoppdrag, men dette er det litt for tidleg å seie noko meir om.

BERGEN ART BOOK FAIR AVHOLDES PÅ BERGEN KUNSTHALL FRA 14–17 NOVEMBER. MESSEN PRESENTERER 50 LOKALE OG INTERNASJONALE KUNSTNERE OG SMÅFORLAG.

Ønsker du å studere fotografi eller vil du studere videokunst og film? Les mer om Oslo Fotokunstskole og søk skoleplass for heltids- og deltidsstudium (kveld). Skolen tilbyr undervisning i de to linjene «fotografi» og «film og video». Skolen tilbyr også fotokurs. Oslo Fotokunstskole er en fotoskole i Oslo for deg som ønsker å utforske dine kreative evner i et engasjerende og dynamisk miljø. Skolen ble etablert i 1989 og holder til i velutstyrte lokaler ved Alexander Kiellands Plass. Les mer om hvordan du kan starte din fotoutdanning eller filmutdanningpå oslofotokunstskole.no.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s